Sara_Ødven
Det er ikkje mange nyutdanna innan faget som har moglegheit til eit halvt års erfaring frå praksis inkuldert i utdanninga!

Hvorfor valgte du å studere interiør?

Sidan eg byrja på teikne- og maleskulen som lita har eg visst at kreativt arbeid er ei av mine sterke sider. Fargegleda og ynskje om å skape gjorde til at eg starta interiørutdanninga mi allereie på vidaregåande, og etter dette har målet vert klart: det er interiør og prosjektbaserte oppgåver eg vil jobbe med. Og så håpar eg på ein idérik jobbkvardag med mange spennande og varierte utfordringar.

Har du et eksempel på en oppgave som er typisk dette studiet?

I 4. semester hadde vi ein eksamen der temaet var restaurant. Lokalet var eit gammalt fabrikklokale på Lilleborg i Oslo, og oppgåva la stor vekt på rehabilitering og berekraft. Samtidig var det viktig at lokalet fungerte for både gjestar og ansatte, og at konseptet spegla historia til bygget utan å vikre klisje. Det var eit komlpekst prosjekt som eg lærte mykje av! I ein annen oppgåve skulle vi utføre ein stads- og karakterbeskrivelse av Blåsen, eit fritt naturområde som ligg i Stensparken ved Bislett. Eg og ei venninne i klassen tok med oss stormkjøkkenet og lagde deilig middag medan vi skissa og observerte omgivnadane!

På dette studiet har du stor friheit til å bestemme din eigen studiekvardag, og denne deilige haustdagen kjem eg til å hukse lenge!
Sara prosjekt

Det finnes mange utdanninger innen interiør. Hvorfor velge en i Oslo?

Her har du alt du treng! Om du vil, kan dagen bestå av både kaféar og museumsbesøk, ein tur i marka eller ein tur til dei idylliske øyene i Oslofjorden, konsertar og teater, eller shopping og ein tur på byen.

Uansett har du stor tilgang til bransjen du ynskjer å komme inn i, og tilgang til mange bransjetreff  og spennande arrangement!

Du har for eksempel Designers Saturday, ei helg der heile Oslo er full av levrandørar, utstillingar, fest og moro. Her har du ei unik moglegheit til å møte andre innanfor bransjen og knytte kontaktar. DogA arrangerar mange frokostseminar, og Norges interiørarkitekters og møbeldesigners landsforening (NIL) arrangerar mange spennande kurs med studentrabatt. Elles har du stor tilgang til engasjerte leverandørar som gjerne vil hjelpe deg, og gjev deg materialprøver – og det sett ein jo veldig pris på som student!

Hvorfor bør man velge Høyskolen Kristiania?

Bacheloren i interiørarkitektur er heilt unik! Det er ein god balanse mellom praktiske og teoretiske fag, der du får eit teoretisk grunnlag som ingen av dei andre interiørutdanningane har. Dette er fag som blant anna marknadsføring, innovasjonsarbeid og forbrukarsosiologi, som i tillegg til kreativitet er viktige fag for utføring av yrkets praksis. Dei praktiske faga består av verklegheitsnære prosjektoppgåver innan butikk, hotell, restaurant og kontor, med fokus på kreativitet, berekraft og universell utforming. Gjennom desse oppgåvene får du lære om forskrifter og øvd deg på teknisk teikning og rendering. Bacheloren på Høyskolen Kristiania har eit viktig fokus på berekraftigheit, noko som er eit viktig tema for interiørdesignera i eit materialistisk samfunn.

Du har jobbet med praksis i en periode nå. Hva gikk det ut på?

Eg var i praksis hos Beate Ellingsen Interiørarkitekter heile 5. semester. Her fekk eg eit godt innblikk i jobbkvardagen som interiørarkitekt, og deltatt på møter, prosessar og gjennomføring av mindre prosjekt.

Gjennom praksisen fekk eg knytte kontaktar og satt ein fot innanfor i bransjen.

Eg sitt igjen med viktig og god erfaring, noko som virkelig er kjekt å ha når ein skal ut å søke jobb!

Hva synes du om en slik praksisordning underveis i studiet?

Eg synst det er kjempeviktig! Det er ikkje mange nyutdanna innan faget som har moglegheit til eit halvt års erfaring frå praksis inkuldert i utdanninga – så dette er eit stort pluss!

Har du planer om hva du skal bruke utdannelsen til?

Eg har allerede fått meg jobb som interiøraktitekt og teknisk teiknar hos Xform, eit arkitektkontor i heimfylket mitt – hurra! Å få meg jobb på eit interiørarkitektkontor eller arkitektkontor har alltid vert målet.

Hva er de beste rådene du vil gi til unge studenter som ønsker å jobbe med interiør?

  1. Ha ein deltidsjobb som gjev deg meir innsikt i det du synst er spennande med interiør.
  2. Prøv så godt du kan å vere imøtekommande og profesjonell, og kom i kontakt med folk i bransjen – dette gjev deg både kontaktar og fin erfaring!
  3. Ver frampå og vis interesse, lag nettside med portefølje og promoter deg sjølv – det var på denne måten eg fekk meg fulltidsjobb før eg var ferdig med studiet!

Lykke til!