Kjære medstudent!
Vist du spør storebror, tante eller syskenbarnet ditt som har tatt høgare utdanning om kva det beste med å gå på høgskule eller universitet var, så kan eg nærmast garantere at det var det sosiale og lærerike rundt sjølve utdanninga som blir svaret. Vist du også spør oppfølgingsspørsmålet «er det noko du angra på?» så trur eg mange vil få svaret «eg skulle ynskje eg engasjerte meg meir». Vi får tips og triks frå alumni studentar og SIO om å delta i samtalane utanfor forelesing, og bruke studietida godt båe sosialt og fagleg, og det er nøyaktig same tips eg vil gi deg!
Du er så heldig at du har valt å gå på ein school under Kristiania sin stiftelse, om du er fagskule student eller høgskule student så har du ein del paraplya du kan slå opp og utnytte. Studentunionen er ein, Sio foreningar er ein til, NSO, ONF, AFSO, er fleire. Studentunionen smykker seg med at vi har eit aktivt studieliv med mykje engasjement, men vi vil alltid ha fleire.
Vist du ynskjer å starte ei linjeforening for den linja du studerer på, eller ei interesseforening for ei interesse du har på fritida vil vi hjelpe deg. Alle eigarane til studentunionen, altså dei som har betalt avgift ved semesterstart har bestemt på generalforsamlinga vår at vi skal ha noko som heiter SHK-fondet. I det fondet har vi omlag 300 000kr som foreningar som oppfyller vore kriterier kan søke støtte til å arrangere diverse arrangement. Søknadane blir basert på skjønn og behov og det viktigaste er at det kjem studentane til gode. Dette her er ekstra viktig no når vi er så sterkt prega av sosial distansering. Om det er pizza ved årsmøte, innleiing av ein ekstern foredragshaldar eller kaffe frå kantina til workshop, fantasien setter grenser.
Vist du treng hjelp med markedsføring så har studentunionen ein eigen PR-avdeling som kan hjelpe deg. Vist du treng lokaler til større arrangement har markedsavdelinga og eventutvalget mykje å bistå med. For bistand med det praktiske med gjennomføring har vi over 100 tillitsvalte og engasjerte studentar som er klar til å bistå. Vi har til og med eit eige utvalg som er dedikert kun til å hjelpe nye, og eksisterande linje og interesse foreiningar! Vist du har spørsmål ta kontakt med leder.linjeforening@studentunionen.no.
Studentfrivilligheit er noko av det vakraste og viktigaste vi har. Bli med å gjer studietida til eit høgdepunkt i livet til medstudentane dine.
Med vennlig hilsen leder i studentunionen Oslo
Kristoffer M. Egset
leder@studentunionen.no